(Sunnmørsposten): Aktor Magne Nyborg  teikna derimot eit anna bilde i sitt innleiingsforedrag. Han meiner det kan bevisast at dei tre er skuldige i å ha medverka til grov valdtekt av ei kvinne om ettermiddagen 18. juli i fjor sommar.

Kvinna var på veg til fjelltur i ei bygd på søre Sunnmøre, då ho ifølgje tiltalen blei overfallen av dei tre mennene som no sit på tiltalebenken.

Drakk øl og sprit

Dei tre austeuropearane jobba alle i distriktet i fjor sommar. Dei budde saman, og den 18. juli i fjor var dei tidleg ferdige på jobb.

Dei grilla og drakk øl, samt noko sprit, ifølgje aktor.

Utpå dagen blei det handla inn meir øl på butikken. Etter kvart gjekk dei også tom for tobakk.

Det som knyter dei tre mennene til saka er blant anna at dei handla med kort på butikken. Vitne har også sett dei tre sitje på benken utanfor butikken i det aktuelle tidsrommet.

Dei tiltalte blei pågripne 19. og 20. juli i fjor og har sidan vore varetektsfengsla.

Også ein fjerde mann var pågripen i saka, men han blei raskt sjekka ut. Han skal no møte som vitne i rettssaka.

Ifølgje aktor er det ikkje bestridt at dei tre tiltalte var i kontakt med fornærma. Det som er bevistema i rettssaka er om dei har forgripe seg på kvinna eller medverka til dette.

Varslar erstatningskrav

Støtteadvokat for den fornærma kvinna, Mette Ekroll Nyland, signaliserte ved starten av rettssaka at det vil kome erstatningskrav.

På førehand har ho varsla eit krav på 175.000 kroner frå kvar av dei tiltalte. Dette vil bli endra til eit krav om at erstatninga blir fastsett etter retten sitt skjønn og at det blir ulike krav mot kvar av dei tre.

– Eg varslar også at det blir eit krav som er vesentleg høgare enn det som er varsla før, opptil 300.000 kroner for hovudpersonen, sa Nyland innleiingsvis.

Blir synfaring på åstaden

Rettssaka starta måndag, og er planlagd avslutta neste måndag.

Aktor har kalla inn tolv vitne som skal forklare seg utover i veka, i tillegg til to sakkunnige vitne. Dessutan har støtteadvokaten eitt vitne.

Det blir også lagt opp til synfaring på åstaden i løpet av veka.

Måtte forlate salen

Advokat Nyland sette fram krav om at dei tre tiltalte forlet rettssalen når den fornærma kvinna skal forklare seg.

Dette har dei tiltalte sett seg imot, men retten har bestemt at dei må forlate rettssalen og følgje forklaringa frå eit naborom med videooverføring.

Uniformert politi

Dei tre tiltalte er varetektsfengsla, og det er difor fleire uniformerte politifolk til stades i rettssalen.

Det er også tre tolkar som tolkar alt som blir sagt.

Sidan dei tiltalte er varetekstfengsla blir dei køyrde fram og tilbake mellom Ålesund fengsel og retten i Volda kvar dag.

Denne saka blei først publisert på Sunnmørsposten sine nettsider.