– Dette er Jeløya-plattforma, sa Solberg, og heldt opp regjeringsplattforma på 84 sider Høgre, Frp og Venstre no har blitt samde om.

Den nye blågrøne regjeringa hadde sin første felles pressekonferanse søndag, på Jeløya i Østfold. Høgre-leiaren starta med å skryte av sine to kollegaer for at dei felles no har komme fram til ein politisk plattform, som skal danne grunnlag for korleis landet blir styrt de neste fire åra.

– Vi har hatt gode diskusjonar med høg temperatur dei to siste vekene. Vi har spelt kvarandre gode og funnet saman. Dette har vore politikk på sitt beste, sa Solberg.

Sigrar for Frp og Venstre

Både Frp og Venstre har fått sett tydelege preg på den nye regjeringsplattforma.

Venstre har fått gjennomslag for styrt avvikling av pelsdyrnæringa innan 2025, noko verken Høgre eller Frp i utgangspunktet ønsker. Skei Grande har også fått gjennomslag for at områda LoVeSe, Jan Mayen, iskanten, Skagerrak og Mørefelta blir haldne fri for oljeleiting heile regjeringsperioden.

Frp har i tillegg måtta svelge at regjeringa no vil ta inn eit auka tal på kvoteflyktningar, og at dei opnar for at vegbruksavgifta på diesel kan bli auka, dersom det viser seg nødvendig for å nå målet om at 100 prosent av nybilsalet er nullutsleppsbilar i 2025.

Frp og Jensen har på si side løfta fram reduksjon i eigedomsavgifta som ein av sine store sigrar. Forslaget er at denne skal bli redusert frå sju til fem promille. Partiet har også fått gjennomslag for innstramming på familiegjenforeining, auka språkkrav for innvandrarar, og heva krav til norsk statsborgarskap. Regjeringa vil no også innføre forbod mot nikab i barnehage og utdanningssituasjonar.

Utvida ølsal

Sjølv om alle tre partia ønsker KrF velkommen i regjeringa, understreka dei også at fleire av tiltaka i den nye plattforma ikkje nødvendigvis fell i god jord hos Knut Arild Hareide.

Den nye regjeringa går inn for at alkoholsalet blir utvida til klokka 21 på kvardagar og laurdagar. Partia ønsker også å endre alkohollova slik at opningstidene i dei lokale butikkane til Vinmonopolet kan følgje kommunalt fastsette salstider for alkohol.

Det skal også bli enklare å drive søndagsopne butikkar, heiter det i plattforma.

Blitt godt kjent

Jensen forventar at det blir ein del diskusjonar med Venstre i samarbeidet framover, men seier de to partia har blitt godt kjent gjennom sitt tidlegare samarbeid.

– Frp har lært Venstre godt å kjenne. Det har vore mange dragkampar, men resultatet har vore godt, sa Jensen.

Skei Grande innrømmer at dagen i dag ikkje hadde komme om ikkje ein kunne byggje vidare på samarbeidet dei har hatt gjennom dei siste fire åra.

– Kjemien mellom oss tre har nok også kanskje vore litt avgjerande for at vi tre har klart det, sa Skei Grande.

Dei seks store

Regjeringa har lista opp seks utfordringar. Det for å kunne fortsette å vere det beste landet i verda å bu i, sa Solberg.

– Vårt felles mål er å skape moglegheiter til alle, men det er ein del utfordringar for å skape eit berekraftig velferdssamfunn, sa ho.

Dei seks utfordringane er å omstille norsk økonomi for å skape vekst, oppfylle klimaforpliktingane til Noreg, skape eit inkluderande arbeidsliv, sikre gode velferdsordningar, redusere fattigdom og gjennomføre eit integreringsløft.