Det er framtidajunior.no som skriv om søstrene Signe (12 og Elise Gjerde Engh (10), som har ein katt som har ein litt dyr hobby. I alle fall om ein reknar i arbeidstimar og materialkostnadar for matmor Mariette E. Gjerde. For ordens skuld kan det vere greitt å nemne at matfar er ingen ringare enn Ulstein-ordførar Knut Erik Engh.

Signe fortel til Framtida Junior at mora har plassert ullkasser i alle rom som hindrar katten i å finne ulla.

– Mamma er veldig glad i å strikke, og ho må gøyme alt av ull i boksar og korger. Om ho ikkje gjer det, tek Nusse og et det sund, seier ho til avisa.

Dei fortel også at mora gir dei ei bot på 50 kroner plagget, om dei ikkje er flinke nok å gøyme vekk ullgenserane sine.

Eit betre måltid ferdigstrikka ull

Favoritten er alpakkaull, fortel Signe og Elise til Framtida Junior.

– Det som er greia er at Nusse et berre ferdigstrikka ting. Men kvifor ho gjer det, anar eg ikkje, seier Signe.

Ifølgje avisa har mor Mariette spurt veterinæren kvifor Nusse et ull. Nokre kattar berre gjer slike ting, har ho fått til svar.

– Katten har øydelagt genserar og andre ting for mange hundre kroner, seier Signe.

– Han har ete to av mine favorittgenserar.

– Ja, og han har ete ermet på ei jakke av meg, og fire genserar av meg, seier Elise.

Ifølgje artikkelforfattar Christian Wiik Gjerde har veterinæren sagt at ull-etinga kan forklarast med at katten blir tatt litt for tidleg frå mor, men det kan også vere andre årsaker som speler inn.