Ulstein KFUK-KFUM arrangerte i 2017 billotteri til inntekt for speidaren, Ten Sing, Tween Sing, leiartrening og anna arbeid for barn og unge. Det skriv Ulstein KFUK-KFUM i ei pressemelding. Gevinsten var ein Mitsubishi Space Star – ein personbil med listepris på over 180.000 kroner.

”Eit lokalt lotteri der gevinsten er ein splitter ny personbil, er ikkje kvardagskost”, skriv KFUK-KFUM i pressemeldinga.

Men det var nettopp det dei gjorde, og med sal mellom anna på kjøpesenter, festivalar, messer og loppemarknadar enda ein opp med å selje 1408 lodd.

Sist veke vart det gjennomført trekning, gjennomført av Lotteritilsynet, og der var det Halvor Mjøen Berg som hadde vinnarloddet. Ulsteinvikaren bur og studerer for tida ved NHH i Bergen.

Ifølgje Ulstein KFUK-KFUM enda ein opp med eit overskot frå lotteriet på 60.000 kroner til barne- og ungdomsarbeidet organisasjonen driv i Ulstein.