(Sunnmørsposten): Regionssjef Inge André Utåker i Norled seier dette om at bilferja «Tidefjord» skal ha treft moloen på Hareid i 5-tida måndag morgon:

- Dette skjedde på veg inn til hamna, og ferja trefte nordsida av moloen. I tillegg til skadar på fenderlista og litt på skroget vart også den eine propellen skadd etter å ha vore i botnen. Skadane er ikkje større enn at «Tidefjord» framleis er i drift, men etterkvart må ferja ut av trafikk og i dokk, seier Utåker.

Skadar også på moloen

- Kva veit du om skadane på moloen?

- Lite, utover at eg er blitt fortalt at det vart flytta på nokre steinar.

- Vart hendinga varsla vidare til kommunen, sidan det er dei som har med hamna å gjere?

- Dette veit eg for lite om til at eg førebels vil seie noko om det, seier regionsjefen.

- No skal ein alltid ta omsyn til forholda, også når ein manøvrerer ei ferje, men eg er gjort kjent med at lyset på moloen vart borte eit par timar før hendinga. Moloenden var ergo svart og det vart enda vanskelegare å gå inn der, legg han til.

Denne saka blei først publisert på Sunnmørsposten sine nettsider. (Ekstern lenkje).