- Nokon har tydelegvis hatt krabbefest i helga og så bestemt seg for å dumpe restane i vegkanten, fortel han.

Han går mykje tur i området og fortel at han vart merksam på rusket måndag.

- Eg tippar at det ligg rundt 50 krabbeskjel, som berre er tømt på snøen der. Då eg var der, var der haugevis av kråker, skjor og ramnar som forsynte seg, fortel han.

Då Vikebladet Vestposten var innom for å ta bilde tysdag ettermiddag, låg krabberestane der framleis. Ingen fuglar var å sjå men det hang ei stram lukt i området.

- Kven får seg eigentleg til å gjere slikt? Dette kjem til å ligge og lukte til langt utpå sommaren, seier turgåaren.