Nordvestklinikk søkjer Ulstein kommune om støtte frå Næringsfondet. Dei skriv at dei gjerne vil tilby ultralydscanning ved klinikken sin. Dei vil samarbeide med Sunnmøre MR klinikk og radiologar der for undersøkingane.

Dei vil tilby både generelle undersøkingar og også ultralyd med bilete for gravide.

Å kjøpe eit ultralydapparat kostar 750 000 kr. Eventuelt kan dei leige eit, det kostar 12 000 i månaden.

Nordvestklinikk skriv at dei har vore i kontakt med fleire legekontor, og dei skal ha gitt tilbakemelding på at dei vil henvise kundar til Nordvestklinikken om dei får dette tilbodet.