Han gler seg på opne felles kunstutstilling med desse to i helga. Det vart noko hektisk, men han hadde lyst til å gjere det no like etter dei opna utstillingane i Oslo og har fått ein del merksemd. A-magasinet hadde nyleg 10 sider om dei, sist laurdag var Melgaard gjest i laurdagsrevyen og mange aviser har rosa utstillinga.

Utstillinga vil hengje 3 veker.

Trykka er i femti eksemplar, men ein del av dei er handkolorerte og der er også monotypar (som det berre er ein av).

– Dette er to kunstnarar eg set høgt. Eg er heldig som får arbeide i lag med dei og stille dei ut i eit distriktsgalleri, det er litt spesielt, seier Opdal og ser fram til denne fellesutstillinga.

Galleriet hans i Ålesund er ikkje stort, så der blir det berre ein forsmak av kva folk kan vente seg på hovudutstillinga på Flø.

Bileta er i ulike storleikar og prisklasser. Ingen måleri blir stilt ut denne gongen, men Opdal kan skaffe det for dei som er interesserte.

Tradisjonen tru blir det vaflar og kaffi på opninga sundag.