Klokka 06.22 i dag tidleg ramla straumen ut i delar av Ulsteinvik sentrum og utover heile vegen til Eiksundtunnelen.

Etter nokre minutt kom straumen tilbake, men han kom og gjekk fleire gonger før han var stabil.

Montørar rykka ut og lokaliserte feilen til Eika - Yksnøy, då var klokka ti på sju og bortsett frå kundane på Eika og Yksnøy skal på det tidspunktet ha fått igjen straumen.

Øyvind Storeide i Mørenett fortel til Vikebladet Vestposten at montørane framleis ikkje har funne feilen. No er dei ferdige med å søkje på Eika og har dratt over til Yksnøy for finne feilen. Dei tenkte kanskje det var eit tre eller noko som førte til straumbrot, men det såg det ikkje ut til å vere.