Då Vikebladet Vestposten var på besøk på Hasund skule var også ordførar Knut Erik Engh (Frp) og Svein Arne Orvik frå Ulstein kommune til stades, for å få med seg presentasjonen til sjuandeklassingane. Gjennom nøye programmering ved å nytte programmeringsspråket Scratch, hadde elevane atterskapt reiserutene til dei store oppdagarane.

Remi Vattøy er kontaktlærar for klasse 7B, som presenterte sitt arbeid medan lokalavisa var til stades, men han har også 7A i samfunnsfag. Klasse 7A presenterte sitt arbeid seinare same dagen. Han fortel at bruken av digitale verktøy blir ein større og større del av skulekvardagen.

– Her jobbar vi ut ifrå eit læreplanmål, der vi nyttar programmering som ein metode. I samfunnsfagboka til elevane har dei om fire store oppdagarar, Marco Polo, Vasco da Gama, Bartolomeu Dias og Christofer Columbus. Elevane har jobba i programmet Scratch i det siste, dei har jobba i grupper og laga manus. Dei har koda i veg, og resultatet er det ein ser her i dag, seier Vattøy.

Programmerte ruta til da Gama

Éi etter éi gjekk gruppene fram for å vise fram kva dei har jobba med. Nikodemus Garshol og Mathias Dammerud presenterte ingen ringare enn Vasco da Gama, mannen som fann sjøvegen frå Europa til India.

– Det har vore litt arbeid med dette, men det har også blitt litt lettare etter kvart. Det blir noko meir enn å berre lese, og det er gøy, seier dei to.

– Nok eit ledd i satsinga

Ordførar Knut Erik Engh vart imponert over arbeidet til elevane. Han meiner programmering kan nyttast til mangt og mykje, og at framføringane til sjuandeklassingane på Hasund skule syner prov på akkurat det.

– I Ulstein kjempar vi ikkje nødvendigvis for at koding skal vere eit eige fag på timeplanen, men at det kan nyttast i fleire ulike fag. Alt handlar til sjuande og sist om matematikk og logikk, og det å bruke teknologi i mange ulike samanhengar gir elevane ei betre forståing for den, seier Engh.

Nikodemus Garshol (t.v.) og klassekameraten Mathias Dammerud er begge elevar i klasse 7B ved Hasund skule. Dei fekk i oppgåve å presentere Vasco da Gama, ein av dei store oppdagarane. Ved å jobbe i programmeringsspråket Scratch atterskapte elevane i klassen reiseruta til da Gama og dei andre oppdagarane. – Dette var veldig lærerikt, seier dei til lokalavisa. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.