Elevane ved Sunnmøre Folkehøgskule kan by på ein fargerik og flott musikal, med ein god bodskap. Torsdag og fredag denne veka var det fleire framsyningar for barneskuleelevar og barnehageborn. Dei har fylt hovudsalen på Sjøborg kulturhus fleire gonger med born som hyler av latter og som engasjert ropar til dyra på scenen.

Mange kjenner historia om sebraen Marty, løva Alex, sjiraffen Melman og flodhesten Gloria gjennom Madagaskar-filmane som kom for nokre år sidan. Dei fire bur i Central Park Zoo i New York. Kvar dag kjem det hordar av publikum for å sjå på dei eksotiske dyra, men dyra har aldri opplevd noko anna enn fangenskap. Fleire av dyra lengtar mot livet utanfor murane. Marty drøymer om villmarka, men til bursdagen får han eit rumpetermometer.

Etter eit mislukka rømmingsforsøk blir veneflokken sendt med båt sørover. Dei ender opp på Madagaskar, der liver byr på nye utfordringar.

Det er ikkje berre enkelt å forhalde seg til alt det nye. Dei er skeptiske til dei nye dyra dei møter, og dyra på Madagaskar er skeptiske til dei nye innbyggjarane på øya.

Ein periode blir veneflokken delt i to. Alex finn seg ikkje til rette på øya og lengtar heim.

Når han ikkje får kjøt vaknar villdyret i han, og han blir farleg for dei andre dyra. Det går så langt at han bit sebraen i låret, men dette er teater for born og det ender bra, sjølv om det til tider kan sjå litt mørkt ut. Og det blir bevist at hjartet faktisk er større magen.

Historia blir fortalt med mykje song og dans. Her er humor og dramatikk, og det er tydeleg at ein del av borne lever seg inn i dramatikken som utspinn seg på scenen. «Det er berre ein leikepistol, sant?!» kommenterer ein gut då politiet skyt løva Alex med bedøvingsmiddel. «Kor slemme dei er!» ropar eit anna barn. Når Alex leitar etter venene sine på stranda ropar heile salen «DER!!!», og det er like før borna spring fram på scenen for å hjelpe til å leite.

I dag, laurdag, blir musikalen vist på Sjøborg for alle som vil.