Sommaren 2009 vedtok Ulstein kommune einreguleringsplan for Varden som viser seperat gang- og sykkelveg skilt ut frå køyrevegen med autovern.

No i januar 2018 starta kommunen opp arbeidet med gang- og sykkelveg langs Dimnøyvegen frå krysset ved Straumane til Klubbenesvegen (mot Kleven Verft).

I desember 2017 gjennomførte kommunen kontrakts- og oppstartsmøtet med konsulent, entreprenør og representant frå Statens vegvesen. Det kom då framlegg om å endre den utskilde gangvegen til fortau med kantstein. Argumentet for fortau er at det blir meir romsleg, meteren som går med til skålgrøft og autovern kan nyttast til andre formål. Og det er lettare å få til god drenering og drift av både vegen og gangarealet om det er fortau.

FAU ved Hasund skule ønskjer separat gang- og sykkelveg, då dei vurderer det som tryggare for borna.

Dette er ei prinsipiell endring som må avgjerast politisk. Difor skal dette opp som sak i teknisk utval torsdag 25. januar.

Administrasjonen rår politikarane til å høyre på FAU, og halde fast på at løysinga bør vere separat gang- og sykkelveg med autovern som skilje mellom køyrevegen Dimnøyvegen/f.26), slik reguleringsplanen legg opp til.