(NPK/Vikebladet Vestposten): Mæland møtte fredag representantar for dei fire fylkeskommunane på Vestlandet for å høyra meir om namnestriden som har blussa opp etter at Hordaland og Sogn og Fjordane vedtok å slå seg saman til ein ny region dei vil kalla Vestlandet.

– Eg har lytta, stilt spørsmål og fått ein gjennomgang av dei ulike syna og prosessane som har vore i dei ulike fylka, sa Mæland til pressa etter møtet.

Ho karakteriserer synspunkta som sprikande, men seier at møtet hadde ein høfleg tone og at det ikkje var noko krangling.

– Med bakgrunnen min frå bygningsrådet i Bergen er eg vand med mykje heftigare debattar enn dette, seier ho.

Stor respekt for sjølvstyret

Sjølv vil statsråden ikkje seia noko om kva ho synest om namnevedtaket til Hordaland og Sogn og Fjordane.

– Utgangspunktet mitt er at eg har stor respekt for det lokale sjølvstyret. Dei har teke avgjerda si med overveldande fleirtal. Det må vi ta omsyn til. Men vi må også ta omsyn til at vedtaket vekkjer sterke kjensler og reaksjonar hos dei som bur på Vestlandet, men ikkje i det nye fylket.

– Namneval er viktig

Statsråden meiner oppstusset som har vore om saka viser at namneval er viktig.

– Det viser at namneval handlar om kjensler og identitet, og det har eg stor respekt for, sa Mæland.

Ho streka under at dette er viktig for folk og noko ein må ta på alvor.

Mæland lova å ta med seg innspela vidare og sa at ho er innstilt på at departementet kjem med ei innstilling til våren, slik at Stortinget forhåpentlegvis kan fatta eit vedtak før ferien.

– Eg er vestlending

Også Vikebladet Vestposten har tidlegare skrive om spørsmåla som har kome fram etter at denne debatten kom fram. Magne Larsen fortalde den gongen at han har mange med seg, og at han håpar både folket på Sunnmøre og dei folkevalde står på barrikadane og kjempar mot dette namnevalet.

– Eg er vestlending, har alltid vore det og vil vere det resten av livet mitt. Eg vil halde fram med å kalle meg for vestlending utan at eg blir assosiert berre med det som til no har vore Sogn og Fjordane og Hordaland. Dette er vi mange som meiner, seier Larsen.

Magne Larsen var ein av fleire her lokalt som reagerte på namnevalet. Foto: Arkiv.