Etter ei sint dame frå Hareid klaga over at ho må dra til Bigset for å kvitte seg med glas- og metallavfallet sitt, svara Linn Urke Osnes, kommunikasjonsansvarleg i SSR, dama.

I eit lesarinnlegg i torsdagsavisa skriv Osnes at ho er samd med kvinna. Det er ikkje ei tilfredsstillande løysing for SSR å ikkje ha iglo i Hareid sentrum. Dei ønskjer at igloane er tilgjengelege for folk, slik at det er enkelt å kjeldesortere.

SSR har i lang tid leita etter både kommunal og privat grunn i Hareid sentrum for å setje ut ein slik iglo, men utan hell. Plasseringa på Bigset kulturoase er den beste dei har på noverande tidspunkt, men om nokon tilbyr grunn kan dei kan plassere ut iglo på dagen.