Diskuterer vi moral, ser vi snøgt at folk har ulike syn. Kva ein meiner, er gjerne knytt til kjensler. Svært mange tar dette som prov på at moral kviler på kjensle og må vere subjektiv av di andre ikkje kan ha mine kjensler. Er eit slikt syn uproblematisk?

Ei umiddelbar innvending er denne: Er moralske vurderingar baserte utelukkande på ein person sine subjektive eller private kjensler, er påstanden «tjuveri er moralsk uakseptabelt» eigenleg ikkje ein påstand om tjuveri sin moralske verdi, men ein rapport om personens kjensler andsynes tjuveri. Vedkommande kunne like gjerne ha sagt «æsj».

Kva så med moralsk usemje? Per uttalar seg positivt om løgn i ein bestemt situasjon, Pål sitt syn er at løgn i dette tilfellet er umoralsk. Gitt moralsk-emosjonell subjektivisme, er dei eigenleg ikkje usamde. Dei har derimot ulike kjensler andsynes eit fenomen. Og dét kan dei ikkje godt vere usamde om! Tvert om, Per kan ikkje godt hevde at Pål lyg om kjensla si. Tilsvarande gjeld for Pål. På desse premissane er moralsk usemje prinsipielt umogleg.

På hi sida, gitt at båe er oppriktige og båe meiner ha rett i vurderinga si av løgn-tilfellet. I så fall er dei usamde. Men er dei dét, kan dei ikkje samtidig meine at dei moralske vurderingane deira ikkje anna er enn uttrykk for subjektive kjensler. Alt her ser vi det er noe i vegen med kjenslebasert moralsk subjektivisme. Den gjer ikkje berre moralsk usemje umogleg. Den gjer oss alle, som konsekvens av dette, moralsk ufeilbarlege – vi veit jo normalt kva kjensler vi har. For å ta moralsk feil ville i så fall vere å ha feil kjensle. Og gir det meining å snakke om feil kjensle andsynes eit eller anna, føreset dét at det er mogleg å ha korrekt kjensle overfor det. Det som avgjer om ei kjensle er feil eller korrekt, må vere saka kjensla rettar seg mot – i dette tilfellet løgn i eit gitt samanheng. I så fall er det den korrekte beskrivinga av løgna og samanhengen den reelt høyrer heime i, som avgjer kva kjensle som er rett eller urett, ikkje Per og Pål sine reint subjektive kjensler. - Med andre ord, på nytt har førestillinga om at moral inkje anna er enn uttrykk for subjektive kjensler, havarert.

Kva så med kjenslene våre – oppstår dei av seg sjølv som resultat utelukkande av indresekretoriske prosessar i det einskild subjektet, eller er kjensler, som alt indirekte antyda, i normaltilfellet knytte til handlingar eller situasjonar ein står overfor? Var kjensler og kjensleuttrykk utelukkande produkt av indresekretoriske prosessar vi ikkje hadde herredømme over, ville kvardagen vår vere mildt sagt usikker. Er kjensler og måten dei kjem til uttrykk på, derimot uttrykk for situasjonsforståing eller -oppleving, er kvardagen vår langt mindre dramatisk. Kjensler er, bortsett frå i avvikande tilfelle, alltid og nødvendig retta mot noe: Ein er glad i noe, forelska i noen, rasande over noe, fortvilt over noe, likegyldig overfor noe, etc. Kjensler uttrykker forståing.

Vi kan sjølvsagt oppfatte ting ulikt. Vi vil i så fall kunne ha ulike kjensler andsynes dei. Andre ikkje ha ha mine kjensler. Men andre kan ha same slags kjensle som eg andsynes eit eller anna. I sosialiseringa internaliserer vi fellesskapets språk – og med språket, fellesskapets verdiar. Vi blir sosialiserte inn i eit meinings-fellesskap. Kriteriet på sosial kompetanse er ikkje berre at ein brukar språket som dei andre, men at ein også i det store og heile deler fellesskapets moralske verdiar. Da vi stort sett forstår det same på same vis, vil vi ha stort sett same kjensler overfor det. Difor kan Per t.d. med rette hevde overfor Pål at kjensla hans andsynes løgn-tilfellet er situasjonsuhøveleg. Den er upassande, svarer ikkje til saka dei har ulik forståing av. Kan situasjonen løgna førekjem i, vere slik at sanninga ikkje lar seg forsvare moralsk?

Ein sluttmerknad: Er resonnementet mitt så langt rett, lar førestillinga om at kjenslene våre er reint private, seg ikkje forsvare. Men om det er rett at vi stort sett har dei same kjenslene overfor same type fenomen, følgjer det av dét at fellesskapets moralske vurderingar, til skilnad frå subjektets, difor er korrekte?

Nei, opplagt ikkje. For det første, om kjensler er einaste kjelda til moralske vurderingar, vil uttrykk for vurderingar det sosiale fellesskapet er samde om, ikkje vere anna enn rapportar om kva kjensle dei fleste i dette fellesskapet har andsynes det aktuelle fenomenet. Med andre ord, dei vil ikkje kunne vere påstandar om fenomenet sin moralske verdi.

Vi har hatt samfunn med slaveri. Dei fleste av oss, kanskje alle, vil vere samde om at slaveri er moralsk uakseptabelt. Korleis vil vi i så fall grunngje synet vårt? Vil vi vise til kva kjensler begrepet ’slaveri’ framkallar i oss – eller vil vi freiste vise til eigenskapar ved slaveri som gjer det moralsk uakseptabelt for alle – også for slaveeigaren?