Byggjetrinn 2 av Sjøsida består av 31 bueiningar. Bygget er prosjektert i 5 etasjar. Denne gongen blir det ikkje med forretningsareal eller kontor.

Slyngstad Aamlid Arkitekter AS har søkt dispensasjon frå reguleringsplanen. Dei ønskjer likevel ikkje å leggje eit fem meter breitt gangareal/ strandpromenade ned mot sjøen, på utsida av bygget. Gangearealet blir i staden lagt gjennom bygningsmassen. Så kjem det inngangsdører til dei to husværa mot sjøen i 1. etasje og 4 bod-dører inne i passasjen.

Søkjar har vurdert det som det ikkje er økonomisk grunnlag for næringsareal i dette prosjektet. Det var dyrt å byggje parkeringsplassar under flomålet i første byggjesteg, så det vil dei ikkje gjere denne gongen.

Det har også kome nabomerknader på mellom anna at det nye byggjetrinnet skal stikke lenger ut i sjøen enn første byggjetrinn, og at det er glasfasade på trappeoppgangen.

Denne saka skal opp i teknisk utval i Ulstein kommune torsdag 23. januar. I sakspapira står det at det har vore gjennomført to møte med utbyggjar. Forslaget til løysing har vore drøfta i rådmannen sitt planforum.

Poenget med strandpromenaden var å leggje til rett for vrimleområde og tilgang til sjøareala i Ulsteinvik for ålmenta. Ved å leggje passasje gjennom bygget i staden vil ein setje til side dette omsynet, men administrasjonen påpeiker at det ikkje er snakk om mange metrane. Om gangarealet skal gå gjennom byggningsmassen må utbyggjar sørgje for å utforme passasjen slik at han ikkje verkar privatiserande/avvisande for gåande. Han skal vere fem meter brei, ha lyse vegger og god belysning.

Administrasjonen ser positivt på at det blir bygt fleire bustader i sentrum, då det er med på å skape liv og røre. Dei rår til at det er greitt at dei ikkje byggjer parkeringskjellar i andre byggjetrinn, men varslar at det vil nok kome krav om det i tredje byggjetrinn.