Ulstein helsestasjon har fått 3,2 millionar kroner frå Helsedirektoratet

Kristin Meli, leiande helsesøster i Ulstein kommune, fortel at Helsedirektoratet kvar år deler ut prosjektmidlar. I mars 2017 vart det lyst ut over 300 millionar kroner som skulle gå til førebyggande tiltak på helsestasjonane og skulehelsetenesta. Ulstein helsestasjon sende inn søknader, og fekk tilslag på 3,2 millionar kroner.

Helsetenesta på vgs.

Skulehelsetenesta ved Ulstein vidaregåande skule har i fleire år fått nasjonale midlar for styrking av tenesta. Her har helsestasjonen tilsett ei mannleg helsesøster, i tillegg til Hanna Moldskred. Han skal også arbeide på ungdomsskulen og Ulsteinvik barneskule.

Styrking av helsestasjonen og skulehelsetenesta

Store delar av tilskotet skal gå til å styrke helsestasjonen og skulehelsetenesta. I større grad enn tidlegare er helsesøstrene ute på skulane og er tilgjengeleg for elevane.

Helsestasjonen vil styrke seg både på kapasitet og kvalitet. Skal dei få til det må dei tilsette tilstrekkeleg med folk. Pengane dei har fått er prosjektpengar, så når dei tilsett folk for desse pengane blir det prosjektstillingar.

Meli fortel at det eigenleg skal vere ein fysioterapeut i grunnbemanninga på helsestasjonen, men det har dei ikkje hatt. No som dei har fått pengar har dei lyst ut ei deltidsstilling som fysioterapeut.

Dei har også tilsett ein ernæringsfysiolog og ein foreldrerettleiar på deltid.

– Ha det bra inni seg

– Det med at ungen skal ha det bra inni seg er i fokus, seier Meli.

Helsestasjonen arbeider for at barnet skal ha det bra både psykisk og fysisk. Mellom anna vil dei i vinter starte opp skilsmissegrupper for ungdomsskuleelevar. Det kan vere godt for ungdomane å kome saman å setje ord på kjensler og erfaringar dei har gjort seg. – Det er ikkje snakk om at borna skal kome saman for å utlevere foreldra, forsikrar Meli.

Dei tenkjer med tida også å opprette ei gruppe for born på barneskulenivå.

Psykisk helse

Tidlegare denne veka kunne ein høyre i nyheitene at det no er 40 prosent fleire tenåringsjenter som blir diagnostisert med psykiske lidingar enn det var for berre fem år sidan.

Dette er eit felt helsestasjonen arbeider med. Helsesøstrene på skulane skal kunne tilby psykisk førstehjelp, men det er også noko lærarane arbeider med, å lære borna å snu negative tankar. Meli fortel at dei har hatt ein psykolog frå NTNU som har halde kurs for dei på helsestasjonen og ein del samarbeidspartnarar.

Førebygging

Både regjeringa og kommunen legg i planane sine vekt på førebygging mellom born og unge. Det er viktig å førebyggje for å unngå problem, både på kort og lang sikt.

Mellom anna vil ernæringsfysiologen gjennomføre møte med alle barnehagane og snakke med dei om kosthald. Ho vil også delta på foreldremøte. Og ho vil tilby individuelle samtalar med klientar som helsesøstrene viser til henne. Det kan vere born som er overvektige, undervektige eller slit med mat på anna vis. Dette er frivillig.

Ein del av pengane vil også gå til kompetanseheving og koordinerande tiltak mot risikoutsette familiar.

Etablering av tverrfagleg helsestasjon

Helsestasjonen vil koordinere ei rekkje tiltak for risikoutsette born. Då trengst det at fleire fagpersonar jobbar i lag.

Tverrfagleg helsestasjon skal bestå av helsesøster, jordmor, familierettleiar og helsestasjonslege. Etter kvart er målet å også få ein kommunal psykolog. Det blir arbeidd med å få dette inn i budsjettet til Ulstein kommune.

Måla med tverrfagleg helsestasjon/Familieteama er å auke fokus, tidleg identifisering, førebygging og gripe inn i familiar som slit med noko som kan påverke dei vaksne sin funksjon som forelder. Helsestasjonen vil utarbeide god tverrfagleg og tverretatleg koordinering og styrka samarbeid. Dei vil ha ein godt utvikla tiltakskjede med auka kompetanse.