Saka var til drøfting i trimgruppa 10. januar i år, og styret gav Andreas Moldskred fullmakt til å sende eit brev til Hareid kommune om saka.

Oppgradering ved Hammarstøylvatnet

Trimgruppa har fått vite at kommunen skal til med eit oppgraderingsarbeid ved demninga og inntaket til Hammarstøylvatnet. Og i samband med dette arbeidet meiner dei det hadde vore ypparleg om entreprenøren samtidig kunne lage ein turveg frå Hammarstøylvatnet. Ein veg som munnar ut i ein parkeringsplass ved Halsen på Hammarstøylen.

Slik som i utmarkene i Ulstein

-Trimgruppa ser føre seg at turvegen blir av same type som dei har fått til i utmarka i Ulstein, skriv Andreas Moldskred i brevet til Hareid kommune.

Med det Moldskred kjenner til har dei nye turvegane i Ulstein kome til når entreprenørselskap likevel har utført større utbetringar og anleggsarbeid i området.

Samanbinding av turveg- nettet på øya

-Ein turveg frå Hammarstøylvatnet vil verte til stor nytte, og kan brukast både av gåande, skigåarar og syklande, meiner Moldskred. Han peikar også på at ein slik veg vil vere med på å binde vegnettet på øya saman, og at han vil opne for eit nytt samband mellom områda og dei to kommunane. No finst det berre eit sykkelalternativ mellom vest- og austsida, fylkesveg 61 gjennom Hareidsdalen.

I dag finst det ein anleggsveg, som også blir nytta som turveg, frå Snipsøyrdalsvegen til demninga ved Hammarstøylvatnet. Vegen blir på folkemunne kalla «feittbrennaren» og er svært bratt.

– Vegen frå Halsen til demninga vil ha mykje mindre stigning enn frå Snipsøyrdalen, noko som også vil gjere det mogleg for rullestolbrukarar å bruke vegen, skriv Moldskred.

Ei investering i helse

Trimgruppa i Hareid IL meiner at tilrettelegginga av nye turvegar i Ulstein har ført til mykje meir bruk, og at desse vegane har blitt ei god og rimeleg investering for framtida i friskliv.

– Trimgruppa i Hareid IL er svært opptekne av tilrettelegging som fører til at fleire kan kome seg ut i naturen for å trimme. Vi ser at det trengst tilrettelegging på fleire hald, ikkje minst når det gjeld logistikk og tilgang på parkeringsplassar.

Nytt inntak

Ingeniør Øyvind Vassbotn i Hareid kommune opplyser at oppgraderinga ved Hammarstøylvatnet går ut på å få laga eit nytt inntak, og at dette ikkje skal bli synleg i terrenget. Arbeidet har ikkje starta opp, men der under prosjektering.

Brevet frå trimgruppa har nyst kome kommunen i hende, og har ikkje blitt tatt opp til drøfting enno.

Parkering: Trimgruppa håper det utrangerte grustaket på vestsida av køyrevegen ved Fjellsbrekkene kan bli opprusta til parkeringsplass. Foto Andreas Moldskred. Foto: Andreas Moldskred