Arbeidarpartiets Masud Gharahkhani har levert inn ei rad spørsmål til Grande knytt til NRKs nye distriktsprioriteringar, ifølgje Medier24. No har stortingspolitikaren fått svar av Grande, som har bedt NRK gjere greie for arbeidet med distriktstilbodet.

Tidlegare var NRKs distriktssendingar to bolkar på til saman 20 minutt. No er dei redusert til tre bolkar på fem minutt kvar.

Ferskt medlem av Kringkastingsrådet Trude Drevland oppfordrar fleire til å klage til Kringkastingsrådet, og ifølgje Journalisten har dei fått 35 klager, slik at temaet kanskje skal opp på møtet i mars.

Saka blir også eit tema i Stortinget. Senterpartiets kulturpolitiske talsperson Åslaug Sem-Jacobsen har stilt eit spørjetimespørsmål til kulturministeren om ho meiner omlegginga varetar NRKs allmennkringkastingsoppdrag.