Ved dei fleste norske kunstgrasbaner vert det brukt gummigranulat frå oppmalte bildekk. Det gir betre grep og reduserer risikoen for at folk skadar seg. Ifølgje ein rapport frå 2016 kan granulata i kunstgrasbaner derimot vere den nest største landbaserte kjelda til mikroplast.

– Mange driftsansvarlege etterlyser meir tydelege reglar og krav. Vi anbefaler at det vert utarbeidd ei forskrift som regulerer bruken av innfyllingsmasse på kunstgrasbaner, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Ingen gode alternativ

Mikroplast er små plastpartiklar i miljøet som frigir kjemikaliar og som forgiftar organismane som et dei. Slik kan miljøgiftene reise oppover i næringskjeda.

Kvar kunstgrasbane inneheld 100 tonn gummigranulat. På grunn av snørydding og avrenning må kvar bane etterfyllast med cirka 10 tonn per år.

På oppdrag frå Klima- og miljødepartementet har Miljødirektoratet undersøkt om det finst gode erstatningsmaterial for gummigranulat. Konklusjonen i utgreiinga er at slike alternativ i dag ikkje finst.

Fysiske barrierar

Ei spørjegransking direktoratet har gjort blant driftsansvarlege for kunstgrasbaner, viser at svært få har rutinar eller utstyr for å redusere spreiing av gummigranulat. Eitt av fem anlegg gjer ingenting for å redusere tap av granulat, men heile 87 prosent av driftsansvarlege ønskjer å forbetre seg.

Direktoratet kjem derimot med ei rekke moglege tiltak for å hindre granulatspreiing, inkludert fysiske barrierar rundt baneområde og sandfang i drensystemet på anlegga.

– Ny teknologi vil dei nærmaste åra bidra til at det kjem nye og betre alternativ. I så fall vil det vere naturleg at granulat på sikt vert fasa ut, seier Hambro.