Rapporten, som er utarbeidd av kunnskapssenteret De Facto, skal overleverast til energi- og miljøkomiteen på Stortinget, ifølgje Klassekampen.

– Tettare integrering i EUs straummarknad kan gjere at Noreg går frå å vere blant landa med lågast straumpris i Europa til å bli blant dei med høgast pris, seier Roar Eilertsen, dagleg leiar i De Facto og forfattar av rapporten.

Tysdag skal fleire fagforeiningar delta i ein demonstrasjon utanfor Stortinget, med krav om at dei folkevalde må legge ned veto mot å slutte Noreg til EUs energiunion.

– Regjeringa vil at vi skal underlegge oss EUs handelsregime for energi og gi EUs energibyrå Acer styresmakt over oss. Det vil føre til høgare straumprisar, seier Nei til EUs faglege leiar Boye Ullmann.