Herøy Brannvesen rykte måndag ettermiddag ut til eit trafikkuhell i Tjørvåg. Det skriv 110-sentralen på Twitter.

Brannmannskapar både frå hovudstasjonen og frå Tjørvåg rykte ut til staden, og ifølgje 110-sentralen skal ein ha kontroll på situasjonen.

Politiet melder om redusert framkome på staden etter ulukka. Det er to bilar innblanda i ulukka, men ifølgje politiet er det ingen personar som har kome til skade.