– Eg har alt å takke barneheimen for. Der fekk eg kjærleik og omsorg. Eg kjende meg trygg, seier 31-åringen.

Przemek var sju år gamal då mora tok han med til barneheimen. Også veslesystera på to år var med. Han har to eldre brør og to yngre systrer, som alle har vore tilknytt barneheimen Przystan. Namnet betyr Trygg hamn.

Ville lære

Przemek hadde det vanskeleg heime. Faren var alkoholikar og utan jobb.

– Mora mi hadde jobb som reinhaldar, ho kjempa hardt heile tida. Men det var veldig vanskeleg, seier han.

Przemek brukte å fare til barneheimen nesten kvar dag etter skulen. Så for han heim utpå kvelden.

– På barneheimen fekk eg mat og eg kjende meg trygg. Der fekk eg også leksehjelp, og det var veldig bra, for eg visste at eg gjennom utdanning kunne få eit betre liv, fortel 31-åringen.

Han og Gerd Vik Flø har halde kontakta i alle år, men det er første gongen Przemek er på besøk i Ulsteinvik.

– Viktig å halde fram

Organisasjonen Barneheimen Suwalkis Venner vart starta i januar 1990, etter at ei gruppe frå Larsnes hadde drive med innsamling av klede og utstyr i mange år. Målet er framleis å hjelpe vanskelegstilte born på to barneheimar i byane Suwalki og Augustow, som ligg nordaust i Polen. Gerd Vik Flø i Ulsteinvik kom tidleg med i organisasjonen og har vore styreleiar sidan 1994.

– Bidraga frå støttemedlemmane våre er veldig viktige. For utan oss kunne ikkje barneheimane gje det tilbodet dei gjer. Vi synest det framleis er viktig å støtte dette arbeidet, seier Flø.

Ho fortel at talet på støttemedlemmar har gått ned frå 150 til rundt 70.

– Det er mange som skrik etter støtte, til dømes Syria og Afrika, seier ho.

Flø meiner det polske samfunnet på desse åra har endra seg frå svart, kvitt og grått til eit samfunn med fargar.

– Der er framleis born som treng hjelp. Vi kjenner sterkt på at nedgangen i talet på gjevarar, gjer at det spøkjer for organisasjonen vår. Men vi vil halde fram enno ei stund, sidan vi også nyt stor velvilje for Suwalkis Venner i lokalmiljøet vårt, seier ho, og legg til:

– Samarbeidsorganisasjonen SOPED seier at vi er ryggrada i arbeidet deira.

Tok utdanning

Przemek fortel at han kjenner tryggleik når han tenkjer på barneheimen. Saman med dei andre borna fekk han fare på turar og leirar både sommar og vinter.

– Eg elska og framleis elskar barneheimen, utbryt han, der han sit i sofaen heime hos Gerd Vik Flø i Bugarden. Han jobbar no som lektor på ein vidaregåande skule i Warszawa.

– Eg studerte biologi og geografi på universitetet i Krakow. Eg studerte også eitt år i Slovakia og så lærte eg spansk då eg var assistent i eit utdanningsprogram for unge lærarar i Madrid. Eg har hatt kontakt med Gerd heile vegen, ho har vore flink til å fortelje meg at ho er stolt av meg, fortel Przemek.

Korleis trur du livet ditt hadde vorte viss du ikkje hadde hatt barneheimen?

– Oh my God ... det er umogleg å tenkje seg. Barneheimen har betydd alt, eg er full av takksemd, seier han.

Gerd Vik Flø er glad for at historia til Przemek ikkje er eineståande.

– Å sjå at det går godt med desse borna, er den sterkaste drivkrafta for oss her lokalt til å halde fram med arbeidet, seier ho.

Fekk fisk: Przemek (i midten) fekk den største fisken då han og to kameratar frå Polen var på fisketur på Sunnmøre sist veke. Foto: Kjetil Haanes