Fire fiskarar miste livet på Skorpeflata for nær 85 år sidan:

Kåre Skeide hadde både faren og onkelen sin om bord i ulteinbåten Skjervøy denne februardagen i 1933 då fire mann frå Hareid og Ulstein miste livet etter ei ulukke ute ved Klovholmane mellom Skorpa og Sandshamn, vest av Hidsneset.

– Far min snakka aldri om denne hendinga i ettertid. Det eg veit har eg fått kjennskap til hos andre, seier Kåre.

Mange er ukjende med denne tida

I Vikebladet Vestposten sist laurdag hadde Roger Korsnes frå Hareid eit stykke om sildefisket. Artikkelen handlar mest om fisket etter krigen, men han kjem også innom den dramatiske hendinga under storsildfisket den 6. februar 1933.

– Det er flott at Roger Korsnes tek opp dette emnet. Mange av dei som veks opp i dag er ukjende med denne tida, seier Kåre Skeide som har ytterlegare opplysningar om det som skjedde denne dagen.

– Området var eit rikt fiskefelt. Hareidsbåten «Fangst» hadde gjort eit godt kast og fekk signalisert til «Skjervøy» om hjelp til å berge fangsten.

Men «Fangst» hadde kasta alt for nær Klovholmane og då straumen snudde, vart nota, som var full av sild, og båtane dregne inn mot fallet, skildrar Skeide.

– Ei forferdeleg ulukke

Han fortel at då sjøen braut over undervasskjeret Leirbåegrunna, vart fleire av båtane kasta rundt og dei som var om bord freista å kome seg over i ein av dei andre notbåtane.

– Det var ei forferdeleg ulukke. I alt hamna 24 mann i sjøen. Mange av dei som fall i sjøen fekk nota over seg, men greidde å kjempe seg fri. Likevel miste fire mann livet.

Den eine av dei, Andreas Saunes, var i live då han vart funnen og vart frakta til sjukestova på Eggesbøneset. Men livet hans stod ikkje til å redde, fortel Skeide.

To andre frå «Skjervøy»-mannskapet miste livet. Det var Edvin Roppen, son til skipper Hans Roppen og Henrik Høyvik. I tillegg omkom Elias O. Brandal som var fiskar om bord på «Fangst»

– Allereie same kvelden gav skipperen på «Skjervøy», som då nett hadde mista sonen sin, beskjed om at dei klokka sju neste morgon skulle gå ut att til feltet for å berge nota og båtane, seier Kåre Skeide.

Skorpeflaket: Ulukka skjedde ved Klovholmane, midt mellom Skorpa og Sandshamn.