Etter å ha flytta frå lokale til lokale sidan starten i 2005 vil Senioruniversitetet i Ulstein no ha alle møta sine på Aktivitetshuset på Vikholmen.

– Vi har vore i kommunestyresalen, på Reiten og på Sunnmøre Folkehøgskule. Med Aktivitetshuset Vikholmen har vi funne ein god stad som er lett tilgjengeleg og som har gode parkeringstilhøve, seier leiaren for Senioruniversitetet i Ulstein, Inga Ishild Hareide.

Ho framhevar at det heller ikkje er noko ulempe at dei kan nytte lokala både på dag- og kveldstid.

– Med eit fast lokale kan ein også planlegge betre fram i tid. Etter vedtektene skal Senioruniversitetet ha fire temamøte for året, og alle foredraghaldarane er på plass, kan leiaren fortelje.

Varierte temamøte

Ho meiner at det er verdt å merke seg er filosof Gunnar Skirbekk tysdag 8. mai kjem til senioruniversitetet for å snakke om føresetnadene for demokrati.

–Dette er eit svært aktuelt tema i desse dagar når demokratiet står i fare fleire stader. Det er også aktuelt med omsyn til datoen. På denne datoen i 1945 kapitulerte den tyske hærmakta og 8. mai vart frigjeringsdagen vår, seier Inga Ishild Hareide.

Ho kan fortelje at året opnar med ein lokal globetrotter, Ivar Mork.

– Han har reist til dei mest merkverdige stader, og 15. mars vil han dele desse opplevingane med oss under tittelen «Utanfor allfarveg», seier Hareide.

Også i år er Senioruniversitetet knytt til Forskingsdagane gjennom Høgskulen i Volda.

– Det nasjonale temaet er i år «Oppvekst». Foredragshaldar er enno ikkje bestemt. Dette temamøtet går føre seg 27. september, opplyser ho.

Året vert ellles avslutta med eit lokaloppgjer. Tidlegare redaktør i lokalavisa, Marit Kvammen, vil ta føre seg likskapen og skilnaden mellom Hareid og Ulstein. Det blir i slutten av oktober.

Men først er det årsmøte der ein får høyre Viona Shera som vann Sparebank 1 sitt talentstipend under Sunnmøre kammermusikkfestival i 2016 og redaktør Linda Eikrem. Vi legg også opp til ein tur til Opera Nordfjord for å høyre La Boheme.

Studiegrupper

For tida har Senioruniversitetet gåande studiegrupper i litteratur, spansk og data.

– Vi skulle gjerne ha starta fleire grupper om her melde seg interesserte. Det som ofte er bøygen, er å få tak i ein som vil vere leiar for ei slik gruppe. Men er her nokon som kan tenkje seg å nytte fritida til dette, er det berre å melde seg, oppmodar Inga Ishild Hareide.

Medlemskriteria er 55+ år, men sjølv om namnet knyter seg til Ulstein, er også folk frå Hareid velkomne som medlemmer.