I Søre Sunnmøre tingrett vart han i mai i fjor dømt til fengsel i eit år og tre månader.

Frostating lagmannsrett meiner fengsel i tre år og tre månader er ei meir passande straff.

Handla med forsett

I tingretten vart han dømt for grov, aktlaus valdtekt av ei sytten år gamal jente.

I lagmannsretten svarte juryen ja på spørsmålet om valdtekta var forsettleg, og det er årsaka til at straffa no er skjerpa.

Valdtekta skjedde på ein "heime åleine"-fest i desember 2016.

Ung alder

I domen viser lagmannsretten til at normalstraffenivået for denne type valdtekt er fire år i fengsel.

Domfelte hadde akkurat fylt atten år då valdtekta skjedde, og retten meiner straffa bør setjast noko ned på grunn av hans unge alder.

Tilstod ikkje

Lagmannsretten meiner det utover alderen ikkje ligg føre formildande omstende.

Mannen har ikkje tilstått, med vedgjekk etter kvart at dei to hadde hatt samleie. Han vedgjekk også at han hadde vore "litt" pågåande og røff, ifølgje lagmannsretten.

I domen heiter det også at dei fire meddommarane synest at straffa verkar streng i denne konkrete saka, men at dei innser at dei er bundne av dei gjeldande retningslinjene for minstestraff og normalstraff.

I tillegg til å sone tre år og tre månader i fengsel, må mannen betale den fornærma jenta 175.000 kroner i erstatning.