Dimna Grendahus har skrive brev til Ulstein kommune. Ulstein kommune har framleis ikkje overdrege Dimna grendahus til grenda. Og Grendahuset skriv at dei i grunnen ikkje har noko ønskje om å eige huset. For dei kan kommunen gjerne eige, og dei drifte, som i dag.

No skriv dei at all lysarmatur er forelda. Det er stadig ein av lyskursane som legg ut ei eller fleire av sikringane.

Glødearmatura er bygde for dimming, dei er for 100W-150W glødepærer som ikkje er i handelen lenger.

På generell basis er i grunnen all lysarmaturen gått ut på dato, skriv dei. Dei har innhenta tilbod på ny belysning i salen, og det vil koste 150 000 kroner å få montert. Dette meiner dei kommunen bør koste. Dei meiner at kommunen har lagt ned særs lite pengar i vedlikehalde dei siste 10-15-20 åra. Det vil vere ein tøff start for Grendahuset å ta denne kostnaden om dei skal overta bygget. Men dei er opne for å spleise med kommunen for nytt lys i huset.

Det viktigaste er at huset blir sikra, og at Grendahuset ikkje knekk nakken økonomisk etter ei eventuell overtaking, det er ingen tente med, avsluttar dei.