Det vil ta tid å bygge opp att tilliten til politikarstanden

Lite freistande For dei unge må det akkurat no freiste svært lite å engasjere seg i eit politisk parti. 

Nyhende

Hausten 2019 er det igjen kommune- og fylkestingsval. Dei politiske partia treng tida, for å seie det mildt.

For det er alt anna enn politikk partia har måtte handtere den siste tida: Varslar om upassande framferd, seksuell trakassering, spreiing av porno og forslag om trekantsex med unge gutar. Totalt har dei politiske partia fått meir enn sytti varslar om seksuell trakassering.

«Engasjer dykk. Bry dykk. Meld dykk inn ein organisasjon. Delta i debatten. Bruk røysteretten. Frie val er juvelen i demokratiets krone. Ved å delta, seier du eit rungande ja til demokrati.» Orda kom frå dåverande statsminister Jens Stoltenberg då han talte på Rådhusplassen i Oslo 25. juli 2011. Då hadde det gått tre dagar sidan bomba i regjeringskvartalet og skota på Utøya. Med desse orda vende statsministeren seg spesielt til ungdomen. «Det vil bli eit Noreg før og etter 22. juli», sa Stoltenberg. Han såg neppe føre seg den situasjonen dei politiske partia står i no.

Mange av varsla kjem frå unge menneske som har engasjert seg, meldt seg inn eit politisk parti, delteke i den politiske debatten. Ved sist kommune- og fylkestingsval i 2015 brukte nesten halvparten av 18- og 19-åringane røysteretten sin. I 2007 var talet 34,8 prosent, viser tal frå SSB. Og i dag har kommunestyra i Møre og Romsdal til saman åtti representantar som er mellom 18 og 29 år. Det er 24 fleire enn i 2003.

For dei unge må det akkurat no freiste svært lite å engasjere seg i eit politisk parti.

Det vil ta tid å bygge opp att tilliten til politikarstanden, og det arbeidet bør starte snarast råd.