– Dette er ikkje noko kjekt, og vi i styret ser veldig alvorleg på det som skjedde, seier Therese Røyset Hjelmeseth.

Ho er kasserar og utleigeansvarleg for Bigset Kulturoase, som held til i den nedlagde skulen på Bigset.

Hjelmeseth fortel at ho måndag vart ringt opp av politiet, som fortalde om det som hadde skjedd på festen.

Bursdagsfest

Ifølgje lensmann Hans-Eirik Pettersen var det to ungdomar som hadde leigd lokalet for å feire attenårsdagane sine. Men også mange ungdomar under atten år var der.

–Det var 15–20 mindreårige til stade. Fleire var overstadig rusa, og ei ung jente, som var svært rusa, måtte hentast av foreldra, fortel lensmannen.

Politiet avslutta festen rundt midnatt.

Lensmannen påpeikar at vakthaldet ikkje var forsvarleg, og seier at både leigetakar og utleigar kan stillast til ansvar for det som skjedde.

Endrar reglane

Therese Røyset Hjelmeseth fortel at styret i Bigset Kulturoase allereie har diskutert kva dei kan gjere for å unngå at noko slikt skjer igjen.

– Vi kjem i alle fall til å heve aldersgrensa for å få lov til å leige lokala. Vi har til no berre hatt ein uskriven regel om 18-årsgrense, men no ser vi at denne må hevast, seier ho.

Melde for skadeverk?

Therese Røyset Hjelmeseth seier at styret i Bigset Kulturoase kjem til å vurdere å melde skadeverk til politiet.

– Ja, det er fleire ting som er skadd. Vi har ikkje heilt oversikt enno, men til dømes er glaset i eit skap bresta, seier Hjelmeseth.

Ho fortel også at eit brannsløkkingsapparat er tømt inne.

Først måndag fekk ho vite at politiet hadde vore der og avslutta festen, for dei som hadde leigd lokala, fortalde ingen ting om politiet då dei leverte tilbake nøklane.

– Dei som leigde lokala måtte forresten kome tilbake og vaske og rydde etter seg, for jobben var langt frå gjort då eg fekk tilbake nøklane, fortel ho.

– For oss er dette veldig alvorleg, seier ho.

Politiet: Rundt midnatt natt til søndag vart festen avslutta av politiet. Arkivfoto: Linda Eikrem Foto: Linda Eikrem