Hødd JR til topps i Søre Cup

Bergsøy hadde turneringa sin toppskorar i Frantz Frantzen, men fekk juling av Hødd-juniorane i Søre Cup-finalen i Ulsteinhallen laurdag.

Hødd sitt juniorlag som gjekk til topps i Søre Cup. Framme frå v.: Håkon Fjørtoft, Håkon Grimstad Tormodsæther og Benjamin Haram Rogne. Bak frå v.: Jonas Overå, Johannes Meinseth, Håvard Fiskaa og Nadim Mujic. 

Odd Arne Seljeset overrekker pokalen til mestskorande dame i Søre Cup, Anna Thunem, Hødd. 

Nyhende

I dameklassa vann Volda.

Den 16. utgåva av Odden-cup – no Søre Cup – i fotball hadde som vanleg breiddelag og breidde-spelarar på Søre Sunnmøre som målgruppe. Men det gjeld først og fremst i herreklassene. Kvinnelaga er dei beste vi har sør om Breisundet.

17 lag deltok i herreklassene, medan dameklassene samla 7  lag. Turneringa vart sparka i gang fredag klokka 17, medan siste finalekamp gjekk klokka 17.15 laurdag. Berre dei ti nattestimane i mellom har det ikkje rulla ballar over golvet i Ulsteinhallen. Kampane har vore på 13 minutt med fem spelarar på bana om gongen, medrekna keeper.

Vi tek med det som skjedde frå og med semifinalane:

Semifinalar, menn:

Bergsøy-Gjerdsvika 5-1.

I denne kampen presterte Bergsøy å skore tre mål i løpet av dei første to og halvt minutta. Då var i grunnen kampen over. Herøyværingane auka til 5-0 før Gjerdsvika reduserte i siste minutt.

Mål, Bergsøy: Frantz Frantzen 2, Bjørnar Gundersen 2, Nikolai Hasfjord. Mål, Gjerdsvika: Vidar Ytrehauge.

Hødd jr.1-Vanylven2 2-0.

Det tok si tid før Hødd-juniorane fekk det målet som vippa kampen i deira favør. Fortent siger etter at Benjamin Rogne hadde sett inn 1-0 og Håkon Grimstad Thormodsæter la på til 2-0 like etter.

Semifinalar, damer:

Hareid-Volda 1-4.

Hareid, som tok leiinga 1-0, har fleire gode spelarar, men var for ujamne til å kunne slå eit rutinert Volda-lag.

Mål, Hareid: Caroline Overvåg.

Mål, Volda: Tina Kvalheim (2), Sofie Vassbotn og Camilla Aure.

Hødd1-Hødd2 2-4

To jamne Hødd-lag utkjempa den andre semifinalekampen. Dei som kalla seg toarlag var hakket kvassare og fekk ei klar 3-0-leing som dei aldri gav frå seg.

Mål, Hødd1: Andrine Nevstad, Cecilia Bakke.

Mål, Hødd2: Hanna Rekdal, Anna Thunem, Marte Årsand Vik, Astrid Oline Roppen.

Bronsefinale, damer:

Hareid-Hødd1 0-1

Ein kamp som like godt kunne ha bikka Hareid sin veg, men Rebekka Eikrem Sunde si skoring gav bronse til velspelande Hødd-damer.

Bronsefinale menn:

Gjerdsvika-Vanylven2 0-1

Ein tøff kamp som kunne ha gått begge vegar. På tampen av kampen vende veteranen Ole Per Kragset bort ein gjerdsvikar og skaut i stolpen. Kjell Runar Lundehaug sette returen sikkert i mål.

Finale damer:

Volda-Hødd2 3-1

Hødd2 spelte fin kombinasjonsfotball og var lenge fullt på høgde – og vel så det - med Volda i banespelet. Men voldingane var giftige i kontringsdelen av spelet og vann til slutt fortent.

Mål, Volda: Nora Sæbønes, Sunniva Hammer og Maja Østervold.

Mål, Hødd2: Anna Thunem.

Finale menn:

Bergsøy-Hødd jr.1 1-3

Bergsøy var nok favorittar, men Hødd-juniorane pakka godt inne targetspelaren Frantz Frantzen – og då var ikkje herøyværangane fullt så farlege. Hødd jr. sitt andre mål varei dobbelheading; først heada Håkon G. Tormodsæther – og Johannes Meinseth befordra så ballen i mål med stuss nummer to. Mot slutten sikra Hødd jr. inn 2-1-leiinga – og då Bergsøy blotta seg slo Tormodsæther til igjen – og 3-1.

Topppskorarar:

Menn:

Frantz Frantzen, Bergsøy 9 mål.

Kvinner:

Anna Thunem, Hødd2 6 mål.

Banens beste i finalen for menn:

Håkon Grimstad Tormodsæther, Hødd jr.1

Banens beste i finalen for damer:

Sofie Vassbotn, Volda.

Deltakarlag menn:

Bergsøy, Hasundgot1, Hasundgot2, Vanylven1, Vanylven2, SuFh1, SuFh2, Hødd jr.1, Hødd jr.2, Hareid, Moltu, Island, Gjerdsvika, Flø, Hjørungavåg, Red Sea, Link.

Deltakarlag damer:

Hødd1, Hødd2, Hareid1, Hareid2, Bergsøy, Larsnes, Volda, SuFh.