– Ei stor ære å få dette oppdraget

Tamilsk Kvinneforening skal arrangere internasjonal kvinnedag på folkehøgskulen i Ulsteinvik 8. mars.

ærefullt oppdrag: Tamilsk Kvinneforening skal arrangere internasjonal kvinnedag i Ulsteinvik 8. mars. Frå venstre: leiar Wathsala Senthilkumar, Manjula Vamathevan, Rathy Yogaraja og Viji Pushparaja.  Foto: Linda Eikrem

Nyhende

– Det er ei stor ære å få dette oppdraget, seier Wathsala Senthilkumar.

Ho har budd i Ulsteinvik i nitten år og har vore leiar i den tamilske kvinneforeininga i over ti år. Foreininga vart stifta for tolv år sidan, og har i dag rundt tjue medlemmar frå Ulstein, Hareid og Herøy.

– Det er første gong vi skal ha ansvar for kvinnedagsarrangementet, og vi har allereie hatt mange planleggingsmøte, fortel Wathsala.

Saman med Manjula Vamathevan, Rathy Yogaraja og Viji Pushparaja sat ho på biblioteket i Ulsteinvik torsdagskvelden og diskuterte kva arrangementet skal innehalde.

– Det er mykje som ikkje er klart enno. Men vi har invitert Hamsika Premkumar, ei tamilsk kvinne som bur i Oslo. Ho er veldig godt integrert i det norske samfunnet, fortel Wathsala.

Premkumar studerer på Universitet i Oslo og er leiar i organisasjonen FN-studentane der.

Dei fire kvinnene meiner også dei sjølve er godt integrerte i det norske samfunnet: alle er i full, fast jobb og dei har budd i Ulsteinvik i 19, 25, 26 og 28 år.

– Men Kvinnedagen er ein fin sjanse til å verte endå meir integrert, seier Wathsala.

– Det vert ein del arbeid med Kvinnedagen, men vi fordelar oppgåver utover medlemmane. Det vert nok litt stress den dagen uansett, ler Manjula.

Wathsala fortel at dei håper på støtte frå næringslivet og andre lag og organisasjonar. Dei treng mellom anna gevinstar til lotteriet.

– Vert det overskot, har vi bestemt at pengane skal gå til å støtte nokon som treng det. Kanskje til eit prosjekt på Sri Lanka, seier ho.