30 kvinner laga 600 ris

Innsendt:
Nyhende

Tekst og foto:

Siw Ulstein, Ulsteinvik sanitetsforening

Søndag 11. februar er det fastelavnssøndag, og i over 70 år har Norske Kvinners Sanitetsforening selt fastelavnsris.

Kjøper du eit fastelavnsris av oss går kvar krone til gode tiltak i lokalmiljøet og til å finansiere forsking som gir livsviktig kunnskap om kvinnehelse.

Onsdag 31. januar møtte over 30 sanitetskvinner til fellesbinding av ris på Bygdastova. Nytt i år var det at kvinnene frå språkvengruppa vår Solsikkene hjelpte til i arbeidet.

Ulsteinvik sanitetsforeining er involverte i integreringsarbeidet i kommunen vår. Ein flittig og positiv gjeng damer alle som kom og knytte ris slik fjøra fauk denne dagen. Nesten 600 ris vart sette fjør på på to timar!

No håper vi at folk vil støtte oss og kjøpe risa som er ei viktig inntektskjelde for sanitetskvinnene. Vi vil vere til stades både på Amfi og Blåhuset i veka og helga før fastelavn.

I år er det Ulsteivik skulekorps som vil få inntektene frå rissalet, og dei hjelper derfor til med å selje.

Historia bak fastelavn

Ordet fastelavn kjem frå det tyske Vastel-avent – faste-aftan – kvelden før den kristne fasteperioden 40 dagar før påske.

Fastelavn er eigentleg alt anna enn fastetida, men er tidsmessig knytt saman med den, og minner om den komande fastetida. Fastelavn utvikla seg snart frå å vere ein einskild kveld der ein fekk noko ekstra godt å ete, til eit regulært karneval, der ein åt og drakk og festa i fleire dagar.

Til fastelavn knyter det seg mange, til dels eldgamle skikkar, som frå starten av høyrde til ein heidensk vårfest. Best bevara er fastelavnsriset som blei nytta for å vekkje det fruktsommelege. På 1700-talet blei det vanleg at ungane piska foreldra sine om morgonen. Oftast blei bjørkekvistar brukt. Det blei også vanleg å pynte risa med fargerike band, papirblomar og andre dekorasjonar. Å pynte ris med fjør blei vanleg først på 1930-talet.