Kåra til Årets bedrift

Det vart delt ut to prisar då Ulstein Næringslag hadde årsmøte fredag.
Nyhende

Folk Spiseri AS/Folk Skafferi AS fekk prisen for Årets bedrift.

Prisen var på ti tusen kroner og vart delt ut av Kjell Brudevoll frå Sparebanken Møre.

Han nytta høve til å skryte av alt som har skjedd i Ulstein dei siste åra.

- Ver aktive, hald fram med den positive utviklinga, sa han.

Den andre prisen gjekk til Ulstein Arena, som vart kåra til Årets nykomar.

Prisen er på fem tusen kroner og vart teken imot av kultursjef Leif Ringstad.