Fylkesordførar Aasen om «Vestland»:

- Litt betre, men ikkje bra

Fylkespolitikarane i Hordaland vedtok i fjor at namnet på det nye storfylket på Vestlandet skulle vere «Vestlandet». Torsdag gjorde fylkesutvalet om vedtaket til «Vestland». Det meiner Språkrådet er eit dårlegare namn enn det førre alternativet.

Dårlegare alternativ Direktør i Språkrådet, Åse Wetås, meiner Vestland er eit dårlegare namnealternativ enn Vestlandet på det nye storfylket i vest.   Foto: Mariam Butt/NTB scanpix/NPK.

Nyhende

(NPK): – Vår kommentar til det, er at «Vestland» er eit enda dårlegare alternativ. Vi har åtvara mot «Vestlandet». «Vestland» er eit namn som ikkje finst per i dag, og vi meiner dette kjem til å skape meir forvirring enn oppklaring, seier direktør i Språkrådet, Åse Wetås, til avisa Bergens Tidende.

Heller ikkje fylkesordføraren i Møre og Romsdal, Jon Aasen, er nøgd med det nye namneframlegget.

– «Vestland» er jo berre ein nyanseskilnad frå «Vestlandet». I prinsippet er det litt betre, men ikkje bra, seier han til avisa.