Mina kom heim

Hugsar du burmesarkatten Mina, som var forsvunnen frå Brunevegen i Ulsteinvik?

Endeleg saman Burmesarkattane Mina (til v.) og Chanelle er endeleg saman igjen.   Foto: Privat.

Nyhende

I helga dukka ho opp igjen, etter å ha vore vekk i nesten to veker.

Eigar Jon Erik Sjåstad fortalde til Vikebladet Vestposten sist veke at han frykta at nokon hadde stole rasekatten, eller at ho hadde vorte ørnemat. Men laurdag kom ho heim til familien i Brunevegen.



– Dette er nesten for godt til å vere sant!, seier ein glad Sjåstad.

– Ho var frykteleg svolten då ho kom heim. Og så manglar ho ein del av pelsen på ryggen, fortel Sjåstad.

Det er framlesi eit mysterium kvar katten har vore dessse dagane, og kvifor noko av pelsen har forsvunne.