Morten Feiring inn i SV-fylkesstyret

I Molde F.v. Elin Pedersen frå Ulstein SV, fylkestingsrepresentant Yvonne Wold, Morten Feiring og Vivian Roppen, begge frå Ulstein SV. 

Nyhende

Moten Feiring frå Eiksund er valt inn som fast representant i fylkesstyret i Møre og Romsdal SV. Fylkeslaget hadde årsmøte i Molde sist helg.

Smaman med seg i styret har Feiring Anders Lindbeck, Ålesund, Hege Torsmyr, Sunndal, og Frank Schneider Villa, Vestnes. Både leiar Kim Thoresen-Vestre og nestleiar Line Karlsvik tok attval.

Årsmøtet valde også nominasjonskomite til fylkestingsvalet neste år, og satsar på å minst doble representasjonen på fylkestinget etter valet.

Årsmøtet vedtok i tillegg fråsegner om Møreaksen, satsing på havnæringane, ein ny sosial bustadpolitikk og for lauslating av politiske fangar i Spania.

Dei lova dessutan at kampen mot oljeboring utanfor Mørekysten skal halde fram.