Siste reis for stasjonen

Den gamle bensinstasjonen på Hydrotomta i Ulsteinvik er i ferd med å verte småstein.

riving: Bygningane på den såkalla Hydrotomta i Ulsteinvik vert rivne. FOTO: Linda Eikrem  Foto: Linda Eikrem

Nyhende

Før helga starta rivinga av bygningen.

Selskapet Rome AS har planlagt å bygge eit leilegheitskompleks på tomta. I november i fjor sa Jogeir Romestrand følgjande til Vikebladet Vestposten:

– Det har gått lenger tid enn vi hadde venta, men no er vi i rute. Vi byrjar å bygge så raskt som råd, etter at YX har rydda tomta.


Rome AS:

– Bjørndalvegen Park er i rute

Rome AS fortel at så snart Hydro-tomta er rydda, er det klart for bygging.


Prosjektet Bjørndalvegen Park skal ha tre blokker med til saman femti leilegheiter. Ifølgje Facebooksida til prosjektet, skal grunnarbeidet på tomta starte så snart rivinga av bensinstasjonen er ferdig.


Hydrotomta i Ulsteinvik:

Ureina grunn på Hydrotomta