Men det var Ulstein kommune som stod for nedgangen.

For der det i desember var registrert 18 eigedomstransaksjonar i Ulstein, var talet for januar heilt nede i sju. Det vil seie at Ulstein var den av dei fire kommunane med minst aktivitet på eigedomsmarknaden i januar.

Både Hareid - 10, Sande - 15 og Herøy - 23 hadde meir enn Ulstein i årets første månad. For Herøy er dette identiske tal med desember, medan både Hareid og Sande hadde ein svak oppgang frå desember til januar.

Totalt går talet på omsette eigedomar likevel ned frå 64 i desember til 55 i januar.