Spelte i reklamefilm som feira vedtaket i Kyrkjerådet for eitt år sidan:

– Kjærleik er kjærleik – uansett

Tonje Frøystad Garvik og kjærasten Lene Sleperud er hovudpersonane i den nye reklamefilmen til Tesori Diamanter, der selskapet feirar at det er eitt år sidan par av same kjønn fekk gifte seg i Den norske kyrkja.

«Frir» til kjærasten: I reklamefilmen til Tesori Diamanter, som er Norges største på ringar og smykke til truloving og giftarmål, speler ulsteiningen Tonje Frøystad Garvik og kjærasten Lene Sleperud rollene. Filmen er ikkje berre reklame for diamantar, men har også ein viktig bodskap i seg. Foto: Skjermdump/Tesori Diamanter/Facebook. 

På Slogen: Tonje Frøystad Garvik og Lene Sleperud på ein luftig fjelltur på stupbratte Slogen i fjor. Foto: Privat. 

Nyhende

– Dette er ein film der Tesori ønskjer å understreke at kjærleik er kjærleik – uansett, seier Tonje Frøystad Garvik.

Ulsteiningen, som i dag er busett i Oslo der ho jobbar som regionssalssjef innan maritime bransje, har i ei årrekkje vore ambassadør for Kari Traa og blei i 2008 nummer tre i Frøken Norge-finalen. 1. februar i år la Tesori Diamanter ut ein film på sine sider, der selskapet ønskte å feire at Kyrkjemøtet for eitt år sidan bestemte at likekjønna får gifte seg i den norske kyrkja.

– Det var veldig spesielt å «forlove» seg framfor kamera. Men det har ført til at Lene har byrja å mase om ring i verkelegheita også, seier Tonje flirande.

Filmen kan du sjå her. (Ekstern lenkje).

Ville vise ekte kjærleik

Tonje fortel at ho og Lene fekk oppdraget gjennom ei venninne som jobbar som rekvisitør i filmbransjen. Casting byrået til Tesori hadde prøvd å finne skodespelarar som kunne få fram den viktige bodskapen.

– Det er alltid ei utfordring å få noko til å sjå ekte ut på film. Difor byrja selskapet å leite etter eit par, og med tida blei vi kontakta. Vi valte å bli med på det, og angrar ikkje på det. Eg håper at dette står fram som noko ekte, for det er det verkeleg. Eg håpar også at dette kan vere med på å legitimere og gjere det lettare for andre å vise kven dei er, vere kven dei er, seier Tonje.

Vil bryte ned rammene

For sjølv om filmen også er reklame for diamantringar, er det bodskapen i filmen som er det viktigaste, meiner Tonje.

– Nokre vel å leve livet einsamt for alltid i staden for å stå fram som den dei er. Eg synest det er veldig skummelt å setje fram hovudet på dette temaet. Frykta for avvising er noko av det mest sentrale i eit menneske. I filmen speler eg ei rolle, men dei fleste vil gjennom den rolla òg diskutere meg personleg. Ein gjer seg sjølv til ei offentleg målskive på mange måtar. Det burde ikkje vere sånn, det er der frykta mi ligg, «kva tenkjer andre», og «kva konsekvensar kan dette få». Samstundes er det akkurat difor eg vel å vere med, tillate at det blir personleg; for å bryte ned dei rammene, seier Tonje og legg til:

– For om eg ikkje vel å ta kampen, eg som har store og sosialt aksepterte og beundra organisasjonar som Tesori og Kari Traa som støttespelar, ikkje tør å sette fram hovudet for å bryte veg for andre i samfunnet, kven skal då gjere det?

Tonje fortel at Kari Traa og hennar selskap heile vegen har vore klar over hennar legning.

– Dei har ikkje berre valt å behalde meg som ambassadør sidan dei fyrst starta med ambassadørar, men dei valte også å lansere øla si på ein lesbisk utestad, og vi har delteke saman på Pride-event. Kari Traa har også tatt Lene godt imot og valt å inkludere ho også under ulike arrangement. For meg har heile Kari Traa-teamet vore ein veldig viktig støttespelar i kampen for å «akseptere seg sjølv».

Tonje meiner også at lesbiske ikkje blir heilt rett framstilt i dagens samfunn.

– Lesbiske er både feminine og maskuline kvinner, på same måte som at homofile er både maskuline og feminine menn. Den eine varianten er berre meir synleg i samfunnet.

Mennesket i sentrum

Det er fleire år sidan Tonje flytta til Oslo, og sjølv om ho meiner at tilhøva for lesbiske, homofile og bifile har betra seg noko i heimregionen, meiner ho at hovudstaden og andre store byar har kome lengre i utviklinga.

– Kjærleiken er meir flytande, ein les ikkje seg sjølv til det å vere bifil, lesbisk eller homofil på same måte. Det kan vere ulike periodar i livet. Det er mennesket i fokus og sentrum. Personlegdom og kjemi. Det å tore å vere tru mot seg sjølv og føle det ein føler, seier Tonje avslutningsvis.