Ber studentar om svar på eiga helse

Under kampanjen "Heilt ærleg" inviterer Folkehelseinstituttet denne veka 160.000 studentar til å svara på spørsmål om eiga helse og eigen trivsel.
Nyhende

(NPK): – Vi ber studentane svara heilt ærleg på spørsmåla vi stiller, slik at regjering, studenthelsetenester og studentsamskipnader kan gje studentane eit endå betre helsetilbod i framtida, seier Børge Sivertsen ved Folkehelseinstituttet til eigne nettsider.

Det er fire år sidan det blei gjennomført ei liknande undersøking om helsa og trivselen til studentane. Den gongen kom det fram at ein av fem studentar slit med alvorlege psykiske plager, og at ein av seks studentar er einsame.

Kari Jussie Lønning, som har ansvaret for studentane si helse og trivselsundersøking i år, peikar på at trivselen til studentane er viktig for å sikra at dei klarer å fullføra studiet.

Ved å senda undersøkinga ut til rekordmange studentar håpar Folkeinstituttet også å få signal om kva utfordringar ein kan venta seg for folkehelsa i framtida.