Færre arbeidslause på ytre søre

Arbeidsløyseprosenten på ytre søre Sunnmøre er framleis mellom den høgste i fylket, syner tal frå NAV Møre og Romsdal. Det gledelege er at talet på ledige er på veg ned.

NAV Ulstein har alt fått opp skiltet, men innføringa av NAV er ikkje i gang før 3. kvartal 2007.  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Det er i Hareid arbeidsløyseprosenten er høgast. Der er 5,6 prosent av arbeidsstokken ledige. Dette utgjer 149 personar, 92 menn og 57 kvinner. Det er fem fleire enn førre månad, men likevel 25 færre enn ved samme tidsrom i fjor.

Også i Herøy har talet på arbeidsledige gått ned sidan januar i fjor. Det er 68 færre ledige i Herøy i høve til januar i fjor, men ein oppgang på 38 samanlikna med siste månad. Til saman er det 208 heilt ledige i Herøy, 131 menn og 77 kvinner. Dette utgjer ein arbeidsløyseprosent på 4,5.

– Vi har 522 fleire arbeidslause i fylket enn i sist månad. Møre og Romsdal opplever difor ein auke i arbeidsløyseprosenten frå 2,4 til 2,8 prosent. Denne auken kjem på grunn av normale sesongjusteringar, seier fylkesdirektør i NAV, Stein Veland.

102 færre ledige

Ulstein har i ved utgangen av januar ein arbeidsløyseprosent på 3,8. 178 er heilt utan arbeid. Dette er 114 menn og 64 kvinner. Sidan desember har talet på ledige gått opp med 16, men i forhold til utgangen av januar 2017 har det vore ein solid nedgang frå dei 280 som var ledige då, til dei 178 som er ledige i dag.

Sande har i alt 47 ledige, noko som utgjer ein arbeidsløyseprosent på 3,5. Det er 21 menn og 16 kvinner som er ledige i Sande. I forhold til utgangen av januar i fjor er dette ni færre, men i forhold til utgangen av førre månad er det ni fleire.

Vanylven kan med 1,2 prosent notere seg for den nest lågaste arbeidsløyseprosenten i Møre og Romsdal. Berre Norddal ligg lågare med 1,1 prosent. Også Vanylven har hatt ein formidabel nedgang i talet på ledige. Ved samme tidspunkt i fjor stod 47 vanylvingar heilt utan arbeid. Talet på ledige er no meir enn halvert i løpet av året, slik at det no berre er 20 heilt ledige i kommunen, 14 menn og 6 kvinner.

I fylket er 2,8 prosent av arbeidsstokken heilt utan arbeid. Dette er 1.165 færre enn ved utgangen av januar i fjor.

– Dette er ein svært stor reduksjon, og vi må tilbake til 2005 og 2006 for å finne eit tilsvarande fall. Vidare gjennom 2018 har vi tru på ytterlegare reduksjon, men ikkje i like stor grad som i 2017, seier Veland.