Totalkostnad uviss

Det er framleis uklart kva som vert totalkostnaden for Ulstein Arena.

  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Årsaka er mellom anna at Ulstein Eigedomsselskap, UEKF, er i tvist med glasleverandøren og prosjekteringsgruppa.

I ein rapport til formannskapet skriv UEKF at kommunen har frist til 5. mars med å levere motsvar til søksmålet frå prosjekteringsgruppa.

– I samarbeid med vår advokat arbeider vi med å samle og dokumentere våre krav, skriv dagleg leiar Rune Urke.