Vestlandsfylka vil greie ut hurtigbåtrute frå Bergen til Ålesund

Stad skipstunnelen opnar moglegheiter for hurtigbåtrute langs heile vestlandskysten. Dei tre nordlegaste fylka på Vestlandet vil greie ut moglegheitene for ei slik rute.

Stad skipstunnel blir romsleg nok til hurtigruta. No vil dei tre nordlegaste fylka på Vestlandet greie ut moglegheita for ei hurtigbåtrute frå Bergen til Ålesund gjennom tunnelen. ILLUSTRASJON: Kystverket 

Nyhende

Onsdag vil truleg fylkesutvalet i Hordaland løyve 300.000 kroner til arbeidet med å greie ut moglegheita, skriv Bergens Tidende (BT).


 

Frå før har både Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal løyvd tilsvarande summar.


Hurtigbåtstopp på Hareidlandet

– Naturleg med stopp på Hareid

 

Målet er å få ein rapport som vil vise reisetid og marknadspotensial for hurtigbåtar gjennom skipstunnelen, slik at ein kan få ei samanhengande båtrute frå Bergen til Ålesund.


Kan bli hurtigbåt mellom Ålesund og Bergen

- Stadt skipstunnel opnar også for samband mellom Ålesund og Sogndal, meiner Norled