Om ein byter jobb frå offentleg til privat sektor:

Arbeidstakarar risikerer milliontap

Samordning av offentleg tenestepensjon med privat AFP kan bety tap i millionklassen for tilsette som byter jobb frå offentleg til privat sektor.

Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (i raudt) leier forhandlingane om ny offentleg tenestepensjon, som starta onsdag. Ei problemstilling partane ser på, er det betydelege pensjonstapet offentleg tilsette får, dersom dei går over til privat sektor.   Foto: Vidar Ruud/NTB Scanpix.

Nyhende

(NPK-NTB): Det viser ein ny rapport som konsulentfirmaet Actecan har utarbeidd på oppdrag frå Handel og Kontor (HK). Årsaka er samordningsreglane som vart vedtatt i 2011, melder NRK.

– Vi ser at samordningsreglane betyr store årlege pensjonstap for den enkelte. Unge og kvinner i låglønnsyrke taper mest, seier 1. nestleiar i HK Bjørn Mietinen.

Utgreiinga viser at ein arbeidstakar som har jobba i offentleg sektor frå 25 til 55 år med gjennomsnittslønn på 370.000 kroner, og som byter jobb til privat sektor, kan få eit totalt pensjonstap på mellom 600.000 og 700.000 kroner. For tilsette med meir enn 30 år i offentleg sektor vil tapet bli på mellom 1,1 millionar og 1,25 millionar kroner. For ein ung arbeidstakar med ti år i offentleg sektor med gjennomsnittslønn på 420.000 kroner kan tapet bli på totalt 265.000 kroner ved å gå over til privat sektor.

– Det er ille for dei mange som ikkje er klar over kor mykje dei faktisk får redusert pensjonen sin. Og det kan ikkje vere sånn at arbeidstakarar som byter jobb frå offentleg til privat sektor, taper pensjon. No som reglane for offentleg pensjon skal endrast, må regjeringa sørgje for samordningsreglar som bidrar til å fremme jobbmobilitet, ikkje hemme den, er bodskapen til Mietinen.

Handel og kontor er blant fleire forbund som krev forbetringar i AFP i lønnsoppgjeret i år. Ei betre samordning mellom privat og offentlege pensjonsordningar er også hovudtemaet i forhandlingane om ny offentleg tenestepensjon som starta onsdag.

Til no er 3.500 personar ramma av samordningsreglane, men når alle samordningsreglane er gjennomført, vil dette auke til 19.500 personar, ifølgje rapporten.