Karsten Sævik ny konsernsjef i Kleven

Karsten Sævik er tilsett som ny konsernsjef i Klevenkonsernet.

  Foto: Arkiv

Nyhende

Kleven sende onsdag morgon ut følgjande pressemelding:

- Vi er svært glade for å ha fått Karsten Sævik inn som ny konsernsjef i Kleven. Han har solid og relevant bransjeerfaring, og kjenner utfordringane i industrien godt. I tillegg har han den lokale forankringa vi ønskte oss, seier styreleiar i Kleven, Leif Teksum.

Karsten Sævik er 55 år og bur i Ulsteinvik. Han har siste fem åra vore konsernsjef i Remøy Group og administrerande direktør i Remøy Shipping. Før det var Sævik administrerande direktør ved Ulstein Verft i seks år, og frå 1991 til 2006 arbeidde han for kjemikaliereiarlaget Odfjell ASA i Bergen der han blant anna var nybygg/prosjektdirektør.

Karsten Sævik startar i stillinga etter nærare avtale. Han har i utgangspunktet seks månaders oppseiingstid hos noverande arbeidsgjevar.

Olav Tanberg held fram som konstituert konsernsjef inntil Karsten Sævik kan starte i Kleven.


Kleven-styreleiaren om arbeidet med å finne ny konsernsjef:

- Mest ideelt med ein person som kjenner Sunnmøre

21. november kom nyheita om at Ståle Rasmussen går av som konsernsjef i Kleven. Arbeidet med å finne ein erstattar er godt i gang.