Svært glatte vegar etter kraftig snøfall

Det snør kraftig på Hareidlandet onsdag morgon. Dette fører mellom anna til svært glatte vegar fleire stader. 

Nyhende

Politiet har onsdag morgon gått ut med ei åtvaring på twitter om at det er svært glatte vegar i Ulsteinvik.

Dette har ført til at fleire bilistar har fått problem i morgontimane.

Ifølgje tips Vikebladet Vestposten har motteke, skal fleire bilar ha sklidd inn i rekkverket langs Skulebakken, der det skal vere spesielt glatt føre i morgontimane.

Det har snødd kraftig onsdag morgon og føremiddag. Hareid kommune skriv på sine nettsider at brøytemannskapa er ute og jobbar for fullt for å få unna snøen, men at det har kome meir nedbør enn venta og at det difor kan ta noko tid før ein får rydda unna snøen alle stadar.