Fleire som er uroa for framdrifta i Hareid kommune har kontakta Vikebladet Vestposten den siste tida. Brorparten etter at kommunestyremøtet som eigentleg skulle haldast 8. februar blei avlyst grunna for få saker. Neste møte blir ikkje før 15. mars. Det er då tre månadar sidan sist gong kommunestyret i Hareid var samla til møte, då det førre var i desember. I tillegg har også utvalsmøte blitt avlyst.

– Eg aksepterer sjølvsagt at eit kommunestyremøte blir avlyst, det kan skje. Men, når det er på grunn av at vi ikkje har nok saker, så blir eg rett og slett uroa. Det burde vere nok saker no som gjeld utviklinga i Hareid kommune, til dømes ei viktig sak som framdrifta på helsehuset. Sjølv om Hareid var på Robek-lista i 16 år forhindra ikkje det kommunen i å leggje planar for kva som skulle skje når vi kom ut. Den dagen vi var ute burde administrasjonen ha jobba fram og hatt klare planar for tettstadutvikling, trafikktrygging og mykje anna som er sårt trengt for å setje fart på utviklinga i Hareid, seier Oskar Grimstad i Hareid Framstegsparti til Vikebladet Vestposten.

– Stillstand

Grimstad meiner utviklinga i Hareid kommune har stått for stille for lenge.

– Det er klart det er mykje som står ugjort i Hareid. Vi har hatt stillstand i utviklinga i Hareid i tre, fire, ja, kanskje fem periodar tilbake. Byggjefelt manglar, planar for utvikling av sentrum manglar, ein ferdig trafikktryggingsplan manglar. Vi registrerer ei sterk utvikling i nabokommunen, medan i Hareid stoppar det opp.

Sjølv om Framstegspartiet er blant partia som er i posisjon i kommunen, meiner Grimstad at også arbeidet til den politiske leiinga i kommunen kunne vore betre.

– Det har vore mangel på målretta politisk leiing i Hareid i mange år, også før desse siste periodane. Ei leiing som vil noko og som har eit mål og veit korleis vi skal kome oss dit, seier Grimstad.

Forskrekka over tidsbruken

Først og fremst meiner Grimstad at ting tek for lang tid.

– Eg også opplever å bli kontakta av bygdefolket. Eg innrømmer at då eg kom tilbake og orienterte meg kring korleis ting var på Hareid, vart eg rett og slett forskrekka. At planane for byggjefelt tek lang, lang tid å gjere ferdig til dømes. Noko som eigentleg bør ta langt kortare tid. Eg har også blitt kontakta av grunneigarar som føler at det går for seint med handsaming av slike saker. Dei vil også gjerne ha eit ord med i laget, men opplever at dei ikkje eigentleg får det. Men dette kan ikkje berre administrasjonen ta skulda for, dette er det også opp til oss politikarane å betre oss på. Det var ein som sa med meg at ein må ha ein god skipper på skuta, for er skipperen dårleg blir mannskapet også dårleg.

Også fleire andre har ovanfor lokalavisa etterlyst større handlekraft frå den politiske leiinga. Noko av kritikken blir retta mot ordførar Anders Riise (H), som i periodar har møtt på Stortinget for Møre og Romsdal Høgre.

– Eg også registrerer at politisk leiing blir kritisert for å engasjere seg på andre plan, men når det gjeld ordføraren gjeld det nok meir i førre periode. Men eg vel å sjå på dette engasjementet som noko positivt, som kan gje oss moglegheiter inn mot den sentrale makta. Spørsmålet er berre om moglegheitene vi får blir tatt godt nok vare på, seier Grimstad og legg til:

– No må vi korrigere kursen, og rett og slett ta fatt i og byrje på utviklinga av Hareid. Vi må ha målretta fokus på det vi treng å ha fokus på.