Samferdsel:

Ferjeframtida er grøn

Ferjeselskapa i Noreg førebur ei grønare framtid. Tida for fossildrivne ferjer er forbi, no er det elektrisitet som gjeld.

Først: El-ferja Ampère var den første av sitt slag i verda og kom i drift på sambandet Lavik- Opedal i 2015. Foto: Norled  Foto: Norled

Raskare enn venta: Administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland. Foto: Fjord1  Foto: Fjord1

Nyhende

Innan 2030 ser Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) føre seg at to av tre ferjesamband skal bli drivne med elektriske ferjer. Det krev store omleggingar og ferjeselskapa er godt i gang med å bu seg på nye tider.

Offentleg og privat samarbeid

I februar 2015 sette Norled den første heilelektriske ferja i verda, MF Ampère, i drift på sambandet Lavik- Opedal i Sogn og Fjordane.

– Dette har vore ein gameshifter i bransjen. Det har vist at den nye teknologien fungerer. MF Ampere har fått stor internasjonal merksemd, og har vunne mange prisar, seier Lars Jacob Engelsen, viseadministrerande direktør i Norled, til Nynorsk pressekontor.

Tidlegare i januar sette Fjord1 i drift den første av to hybrid-ferjer på sambandet Anda- Lote. Det er det første sambandet i verda med krav til nullutslepp.

– Det betyr veldig mykje for oss å drifte sambandet Anda- Lote. Det har heile tida vore viktig for oss å komme raskt på bana og følgje el-utviklinga. Vi lærer nye ting kvar dag, seier administrerande direktør i Fjord1 Dagfinn Neteland.

Også ferjeselskapet Boreal satsar på ein grønare ferjeflåte.

– Boreal har den nyaste ferjeflåten i landet, og har investert store beløp i nye miljøvennlege ferjer dei siste åra. Vi er i utvikling heile tida, og har nyleg bestilt to nullutsleppsferjer til ei kontrakt vi har vunne i Hordaland. Boreal jobbar også med å utvikle ei hydrogendriven ferje, seier Jon Kristian Fadnes, som er kommunikasjonsrådgivar i Boreal Norge AS, til Nynorsk pressekontor.

– Raskare utvikling enn venta

– Utviklinga skjer raskare enn det vi trudde for få år sidan. Vi trur halvparten av alle ferjer vil vere elektriske innan få år. Større samband vil det nok ta noko lenger tid med, då dei sambanda krev meir kapasitet, seier Neteland i Fjord1.

Engelsen og Norled meiner MF Ampère på mange måtar illustrerer korleis det offentlege og det private har eit godt samarbeid knytt til grøn utvikling.

– Det har vore eit veldig godt samspel mellom offentleg og privat sektor i denne saka. Kloke og kompetente offentlege innkjøparar har stilt overordna krav, og så overlate til privat sektor å finne og sette i verk konkrete løysingar. På mange måtar illustrerer MF Ampere at den norske samarbeidsmodellen er relevant for korleis ein skal finne gode løysingar på komplekse miljøutfordringar, fortel Engelsen.

Endring også på land

For å drifte ferjesamband med nye miljøvennlege ferjer må òg forholda endrast på land. I fjor haust blei det kjent at ei miljøvennleg omlegging av ferjeflåten kan bli dyrt for kystfylka, då dei må betale prisen for å endre ferjekaiene til ei ny type drift.

– Det er styresmaktene/oppdragsgivarane som eig ferjekaiene, og det er viktig at dei er tilpassa ny teknologi og nye ferjer. I tillegg bør oppdragsgivarar sørgje for at det er mogleg å få tak i nok tilgjengeleg kraft til at sambanda kan drive med elektriske ferjer, seier Fadnes i Boreal.

– Vi meiner både omsynet til miljø og til næringsutvikling tilseier at det hadde vore rett med ei gradvis innfasing av den nye teknologien slik at ein i større grad kunne lært frå prosjekt til prosjekt. Dette gir den beste miljøløysinga, det er minst belastning på offentlege budsjett og mest draghjelp til næringsutvikling og framtidig eksport innanfor leverandørindustrien, seier Engelsen i Norled.