Milliongåve til norske fyr

Norsk Fyrhistorisk Forening har fått 1,35 million kroner i gåve frå Sparebankstiftelsen DNB.

I dag er det 80 fyrtårn langs kysten som er tilslutta Norsk Fyrhistorisk Forening. Foto: Kari Hamre / NPK 

Nyhende

Pengane skal gå til å opprette ei eiga tilskotsordning for prosjekt innan ny bruk av norske fyr. Midlane skal altså delast vidare ut til medlemmer i foreininga som eig eller har leigeavtale på eit fyr.

I dag er det 80 fyrtårn langs kysten som er tilslutta Norsk Fyrhistorisk Forening. Mange av desse er i større eller mindre grad opne for folk flest, og i større eller mindre grad tilrettelagt for dette.

Den nye tilskotsordninga skal gå til konkrete og varige tiltak på norske fyrstasjonar som gjer dei betre tilrettelagt for ny bruk, og trygt tilgjengeleg for fleire.

Ved vurdering av søknader vil det bli lagt vekt på at tiltaka legg til rette for ny bruk utan å gå på kostnad av bevaringsverdien av fyrstasjonane eller omkringliggjande landskap.