– Vatnet gjekk bort hit, til denne døra. Heile golvet var dekt av kloakkvatn og det trekte seg oppetter veggen, fortel verneombod på skulen, Per Ove Riste. Han viser lokalavisa gangen der det i desember fløymde vatn frå toaletta.

– Det byrja med ein tett sluk på vaskerommet, og så starta det å renne over på toaletta i romma ved sida av vaskerommet, fortel Riste, som dei siste seks åra har jobba som fagarbeidar på skulen.

Han fortel at vatnet vart fjerna allereie same dag.

– Ja, heldigvis var både røyrleggar og vaktmeister raskt på pletten. Og dei fann syndaren: det var ein mobiltelefon som låg i kloakkrøyra og tetta. Truleg har nokon mista mobilen sin i do og ikkje tort å seie frå, seier Riste.

Telefonen var ikkje av nyare dato, så mest truleg har han lege i røyra nokre år.

Skal rivast

I vinterferien skal veggane i gangen rivast, for å sjekke kva skadar som er inne i veggen.

– Eg er veldig spent på kva som skjuler seg her. For når du opnar ein vass-skade, så er skadane ofte større enn ein først trudde, seier Riste.

– Det einaste rommet elevane brukar her, er sløydrommet nedst i gangen. Vi har anna tilkomst dit, så det er mogleg å stenge av gangen her, heldigvis, seier han.

Per Ove Riste fortel at det i første omgang berre skal gå føre seg rivearbeid i vinterferien. Nye veggplater må kome etter at taket er fiksa.

– Vi har nemleg eit tak her på skulen som ikkje er tett.

Vatn ut av veggen

Riste fortel at det kjem inn vatn fleire stader på skulen, og at det stadig må setjast ut bøtter for å fange opp væta. Han kallar det er ein irriterande situasjon.

– Kom hit så skal eg vise deg noko, seier han brått, og går inn i eit trapperom.

– Sjå her, dette oppdaga eg rett før du kom. Her renn det vatn ut av veggen! Holet i veggen har vore her ei stund, så eg fann ei panne og sette under.

Fleire stader i taket har platene synlege fuktskadar. Nokre stader er takplatene tekne vekk, fordi det stadig renn vatn gjennom taket.

– Taket er altså langt frå tett. Men eg føler at vi er inne i ein positiv prosess no. Taktekkingsfirmaet har til dømes sagt at dei vil prøve ein ny vri for å finne ut kva som er gale, dei vil tømme blått vatn på taket og så sjekke kvar det farga vatnet eventuelt renn inn, seier Riste.

Han seier at han også har ein god dialog med skuleleiinga og kommunelegen.

Meir hovudverk

Riste tok over som verneombod ved ungdomsskulen frå nyttår. Han fortel at fleire tilsette den siste tida har vore plaga med hovudverk.

– Det er klart, når det renn inn vatn fleire stader, så vert det eit fuktig inneklima. Ventilasjonsanlegget styrer seg sjølv, her er mykje folk og gjerne litt varmt, så det vert ofte tung luft her.

Han viser til at det i 2015 var laga ein rapport, som viste at det var oppblomstring av sopp og mugg enkelte stader på skulen.

– Så her må det skje noko, seier Per Ove Riste.

lekkasje: I denne gangen fløymde det før jul kloakkvatn. Verneombod ved skulen, Per Ove Riste, er spent på kva som skjuler seg bak veggane. FOTO: Linda Eikrem Foto: Linda Eikrem